Presense Konsult AS er eit lite, frittståande medie- og reklamebyrå. Vi tilbyr tenester innan heimesider, rådgjeving, analyser og annonsering. Med ei lokal forankring i Førde og med avdelingskontor i Bergen er vi alltid i nærleiken og står klar til nye oppdrag. Vi har også tilknytning til Oslo gjennom vår offisielle samarbeidspartner Sense Norge AS. Dette kjem deg som kunde til gode i form av god og riktig oppfølging, personleg kontakt og ein god dialog.
Gjennom vårt samarbeid med Sense Norge AS sikrar vi deg høg kvalitet i alle ledd og ikkje minst ei god oppfølging. På vårt “back-office” sit det dyktige programmerarar, nytenkande grafiske designerar og kvalitetsbeviste webutviklarar som er klare til å ta i mot nye spennande oppdrag.
Vi påtek oss oppdrag frå dei aller enklaste typar websider/heimesider, til avanserte større og meir utfordrande løysingar med integrasjonar av lagerstyring/fakturering og til nettbutikkar og bookingløysingar. Som ein del av vår forretningsidè set vi stort fokus på analysering, testing og rapportering til deg som kunde. Vi tilpassar og skreddersyr alle løysingar ut i frå det faktiske behov. Gjennom våre eigne Google sertifiseringar og vår samarbeidspartner i Oslo (Sense Norge AS) kan vi tilby annonsering i Noregs største mediehus- og nettaviser, søkemotorar og i sosiale medier som Facebook, Instagram og Snapchat.
Presense Konsult AS og Sense Norge AS har godkjente og oppdaterte sertifiseringar frå Google i forbindelse med annonsering både for søk/tekst, display, video og mobilannonser. Her kjem vår kompetanse deg til nytte, då vi jaktar etter å finne ut kven, kvar, kvifor og korleis eit treff går i frå å være ein “del av statistikken” til å bli ein konvertering.